Om Gjemnes kommune

Velkommen til Gjemnes
 

Faktaopplysningar om Gjemnes finn du her


Gjemnes kommune ligg på Nordmøre, i grenselandet mellom kyst og innland. Kommunen har ei langstrakt kystlinje langs fjordarmane Kvernesfjorden, Batnfjorden og Tingvollfjorden.
E-39 går gjennom kommunen og gjer at Gjemnes er sentralt plassert midt i nordfylket mellom byane Kristiansund og Molde
.

Flott utsikt frå Stortussen - Klikk for stort bilde Kvifor Gjemnes?
Naturen i Gjemnes er svært variert og innbyr til ei rekke ulike aktivitetar. Landskapet varierer med fjord, fjell, skog, vatn og kulturlandskap. Fjell- og skogsområda innbyg til variert friluftsliv både sommar og vinter. Kommunen sin sentrale plassering gjer at utfartsområd er mykje nytta. Fjordane innbyr til båtutfart og fiske både frå båt og land.
Kulturlandskapet i Gjemnes er prega at eit aktivt jord- og skogbruk gjennom århundrer. Det levande og vakre kulturlandskapet i kommunen betyr mykje for oppleving og trivsel for så vel fastbuande som tilreisande.

Jakt og fiske i Gjemnes
Med sine mange fjellvatn, elvar og lande strandlinje, er Gjemnes eit svært attraktivt område for all slags sportsfiske. Det er også høve til jakt i dei store utmarksområda i kommunen.
For meir opplysningar om jakt og fiske: Kontakt turistinformasjonen eller utmarkslaga i kommunen.
Dei mest kjende fiskeplassane på sjøen, ligg nok i området kring Bergsøya, men lokale kjentfolk vil kunne fortelje om mange gode fiskeplassar i alle fjordområda.

Turløyper i Gjemnes. (PDF, 630 kB)
I Gjemnes har vi laga ein eigen turguide til hjelp for dei som vil finne nye og spanande turvegar og turområder. Fleire turar finn du på Morotur

Vinterutfart
Dei mest brukte vinterutfartsområda er nok Osmarka, Silsetfjellet og Fursetfjellet. Her er det oppkøyrt eit omfattande løypenett på etterjulsvinteren. Dette løypenettet er knytt saman med løypene frå Skaret i Fræna.
Også i området ved Langvatnet i Angvik og Flemsetervatnet i Flemma, er det oppkøyrt skiløyper.
I det alt vesentlege er dette lette løyper i eit barnevenleg turterreng.
For meir ekstreme skiturar, kan vi mellom anna anbefale topptur til Harstadfjellet som er eit eldorado for telemarkkjøring.

Sommarutfart.
Ytre del av kommunen med fjellrekka frå Gjemnes til Åndalsfjella er eit flott fjellområde. Her finn du også kommunen sine høgaste fjell, Stortussen (1027 m.o.h.) og Harstadfjellet (1004 m.o.h.)
Silsetfjellet, med bomveg til Innergardsetra, opnar for eit noko lettar turterreng med fiskevatn og flott utsikt mot Romsdalsalpane.
Terrenget mellom Skeidsdalen og torvikdalen er som Silsetfjellet, lett tilgjengeleg gjennom mange skogsvegar. Tur til Raudberget nedlagde gruver, samt fiske i dei små vatna kan anbefalast.
Osmarka er prega av meir innladsterreng med myrer og barskog. Tur til Norges største bartre i Duskaret, er merka og lagt til rette som natursti.
I området mellom Tingvollfjorden, Torvikdalen og Osmarka reiser Reinsfjellet seg som eit flott turmål. Det er merka løype til toppen frå tre kantar. Men også områda rundt toppen innbyr til flotte naturopplevingar.
Fjellområda som grensar mot Nesset med Åbakken og Vettafjellet egnar seg til lette familieturar.




 


 

Publisert av Olav Bjørn Nilssen. Sist endret 02.02.2015 14:53
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fant du det du lette etter?