Drømmepåske for Stikk UT! Vinter – rekord for ski

Utsikt fra Raudheia Siri Ask Fredriksen

Påska markerer slutten for vinterens Stikk UT!-sesong, og i årets innspurt vart heile 22 000 turmål registrert. 10 000 turgåarar har deltatt på Stikk UT! Vinter i år, og totalt er nesten 150 000 turar registrert i årets sesong.

43 000 skiturar vart registrert gjennom vintersesongen – og det er ny rekord!
Det vart registrert om lag 20 000 færre turar i år enn i rekordåret 2022, men friluftsråda er godt fornøgde med deltakinga. For friluftsråda, som saman med sine medlemskommuner, står bak Stikk UT!, er målet at fleire skal komme seg ut og oppleve gleda av å vere i aktivitet ute.

 – Vi byr på det enkle friluftslivet der det å gå seg en tur i nabolaget er like mykje verd som ein langtur på ski, seier Liv Synnøve Hoel frå Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er prosjektleiar for Stikk UT!

 

Gode møte mellom menneske og natur fremmar helse og livskvalitet, og arbeidet som blir gjort med å tilrettelegge for uteaktivitet er derfor veldig viktig.

– Vi rettar ei stor takk til Møre og Romsdal Skikrets, idrettslaga, Stikk UT!-kontaktene og dei frivillege rundt i kommunane som har vore med på å tilrettelegge for dei 300 turmåla i årets vintersesong. Og ikkje minst så fortener alle som har brøyta parkeringsplassar og køyrt opp fantastiske skiløyper i vinter ei stor takk, seier Hilde Ellingsæter, Stikk UT! ansvarleg i Sunnmøre Friluftsråd.

– Det blir lagt ned ein enorm dugnadsinnsats i regionen vår for at det skal vere enkelt for folk flest å komme seg ut og på tur og nyte det beste livet har å by på, slår Hoel og Ellingsæter fast.

 

No ser friluftsråda fram mot sommarsesongen. Stikk UT!-kartet kjem som vanleg i posten til alle husstandar i Møre og Romsdal og Heim i Trøndelag i slutten av april. Dette er ein invitasjon til alle innbyggarane om å bli med ut på tur. Dei om lag 520 turmåla til sommarens Stikk UT! blir lansert 20. April, og sesongen startar 1. mai. Det er bare å glede seg!