Kommunalt tilskot til frivillig arbeid i Gjemnes

Det er satt at kr. 200.000,- på budsjettet der lag og foreiningar kan søke om støtte til tiltak som kan fremma barn- og unge sine oppvekstvilkår og folkehelsa for folk flest.  Formannskapet har vedtatt eigne retningsliner for denne tilskotsordninga.

Etter som vi no er i ein heilt spesiell situasjon, også for kulturlivet og for anna frivillig arbeid, så vil det være naturleg å vurdere om desse midlane skal fordelast etter litt andre kriterier denne gongen. Dette er ikkje klarert politisk enno. Men ber om at de skriv litt om dei konsekvensane koronaviruset har for ditt lag eller organisasjon som tilleggsinformasjon på søknadsskjemaet.

Søknaden skal sendast til Gjemnes kommune, Nordmørsvegen 24, 6631 Batnfjordsøra , eller som e-post til post@gjemnes.kommune.no 

Søknadsfristen er 1. mai.

Søknadsskjema 2020 (DOC, 79 kB)

 

Klikk for stort bilde      Klikk for stort bilde