STIKK UT!

kopp og skål for StikkUt 2020 StikkUT! er ein av Norges mest populære turtrim. Stikk UT sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober og i tillegg har vi vintersesongen som varer frå 15. desember til 2. påskedag. Midt i april vert det kjent kva som er Stikk UT turmål. Det vert då distribuert kartbrosjyre til alle husstander i Gjemnes kommune. Om du ikkje får den, ta kontakt med Stikk UT kontakten i kommune.  

Alle turmål du besøker kan du registrere digitalt, enten ved å bruke Stikk UT appen, eller ved å besøke heimesida StikkUT.no. Her registrer du deg som brukar av StikkUT, du kan og gjere eit val om du ønsker å komme på lista over dei som har besøkt turmåla eller om du vil at det skal ligge skjult. Om born deltek, kan dei leggast inn som familiemedlem. 

Sjølv om du krysser for at dine besøk på turmål ikkje skal visast så vil du få ei oversikt over kva turar du har gått på «Min side».

«Toppliste» og «Statistikk» kan gje deg oversikt over både egne og andre sine turer og turmål.

For å finne nye turar vil du under  «Turbeskrivelser» kunne velje kommune du vil besøke, her finn du kart og detaljert informasjon om kvar tur.

SLIK GJER DU DET:

På kvart turmål er det sett opp ei turkasse/plate med kode på. Koden registrer du i appen eller på heimesida, det er og ein funksjon som gjer at telefonen din søkjer opp koda av seg sjølv om du har på karttjenesten.

Det er ikkje nok å skrive navn i turboka!

Vi ønsker nye og gamle deltakarar velkommen til å delta i Stikk UT!

Kontaktinformasjon

Siri Ask Fredriksen
Kulturleder
E-post
Mobil 419 00 996
Vårin Leonora Spjelkavik Larsen
Folkehelsekooridnator; Fysioterapaut
E-post
Mobil 907 11 095