Utlånsreglar for Gjemnes folkebibliotek

1.      Lånerett

Det er gratis å låne bøker m.m. på biblioteket.

2.      Lånekort

Alle som låner på biblioteket må ha lånekort. Vaksne over 15 år må vise legitimasjon. Barn må ha begynt i 1.klasse for å få eige lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift frå ein føresett. Ungdom mellom 15 og 18 år må oppgi namn på føresett. Institusjonar blir registrerte på namnet til institusjonen og ein ansvarsperson. 

Meld frå til biblioteket ved tap av lånekort.

Ta alltid med lånekortet når du skal låne noko på biblioteket!
Lat ikkje andre låne på kortet ditt!

3.      Lånetid

Bøker og lydbøker 4 veker
Korttidslån ( nye/etterspurde bøker ) 2 veker
Tidsskrift 2 veker
DVD 1 veke
CD-ROM og musikk cd-ar 2 veker
Språkkurs 8 veker
Fjernlån Eigarbiblioteket sine fristar

 

4. Fornying

Bøker og lydbøker Maks. 2 fornyingar – 4 veker pr. gong
Korttidslån 1 fornying – 2 veker
Tidsskrift 1 fornying – 2 veker
DVD 1 fornying – 2 veker
CD-ROM og musikk cd-ar 1 fornying – 2 veker
Språkkurs 1 fornying – 4 veker
Fjernlån Må avklarast med eigarbiblioteket

Materiale som det er venteliste på, kan ikkje fornyast. Fornying kan ordnast via telefon eller e-post. Lånarane kan også logge seg inn på lånekontoen sin på biblioteket sine heimesider på internett, og fornye eigne lån.

4.      Ansvar

Lånaren er ansvarleg for alt materiale som blir lånt på hans/hennar lånekort. Tapt eller skada materiale må erstattast. Sjå satsar nedanfor. For filmar/dataspel gjeld Medietilsynet sine aldersgrenser. Lånt materiale er til privat bruk. Bruk/avspeling skjer på eige ansvar.

Meld frå til biblioteket om endring i adresse, telefonnummer eller e-postadresse.

5.      Fjernlån

Biblioteket kan bestille materiale på fjernlån frå andre bibliotek i Noreg. Fjernlån er gratis for lånaren.

6.      Gebyr

Biblioteket sender purremeldingar til lånaren når forfallsdatoen på lånt materiale er gått ut. Det blir sendt to purringar. Deretter blir det sendt ut erstatningskrav. Sjå gebyrsatsar for desse meldingane nedanfor.

Gebyr som er registrert på ein lånar, blir ståande til det blir betalt. Erstatningskrav blir sendt til inkasso dersom ikkje lånaren leverer materialet eller betaler kravet innan fristen.

7.      Lånenekt

Lånar som er skuldig meir enn kr. 80,00 (vaksne) og kr. 30,00 (barn), får ikkje låne meir før vedkommande har gjort opp for seg.

Gebyr og erstatningssatsar 
Gjeldande fra 01.01.11
Materialtype Vaksne
(frå det året dei fyller 15 år)
Barn
(t.o.m. året dei fyller 14 år)
 Fjernlån Eigarbiblioteket sine satsar
 Nytt materiell Full pris dersom over standardsatsen
 Bøker 400 250
 Lydbøker 400 300
 DVD 200 200
 Enkelt-cd til lydbok 125 125
 CD-plater - musikk 200 200
 Dataspel 550 550
 Teikneseriehefte 100 100
 ”Små” biletbøker for barn 100 100
 Tidsskrift 75 75
 Gebyr for 1. purrebrev 30 -
 Gebyr for 2. purrebrev 50 -
 Gebyr for erstatningskrav 50 50
 Gebyr for nytt lånekort 20 10

Språkkurs og verdifullt eller sjeldant materiale blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.