Kartlegging og verdsetting av friluftsområde

Gjemnes  kommune er i gang med kartlegging av friluftsområde, og vi ønsker no tilbakemeldingar frå publikum for å supplera og kvalitetssikre kartlegginga.

Bakgrunn

Kartlegging og verdsetting av friluftsområde er ei nasjonal satsing forankra i nasjonal strategi og stortingsmelding om friluftsliv - natur som kjelde til helse og livskvalitet. Gjennomføring av kartlegginga er med i planstrategien til kommunen for 2016-2020.

Formål

Formålet med kartlegginga er å identifisera, utvikla og ivareta areal for friluftsliv og beskriva desse etter gitte kriterium. Temakartet som blir utarbeidd vil bli ein del av kunnskapsgrunnlaget om kommunen og skal gjera det mogleg å vurdera friluftsliv opp mot andre viktige samfunnsformål. Temakartet tar ikkje stilling til prioritering av friluftsliv opp mot andre interesser og er ikkje ein plan. Kartlegginga er heller ikkje statisk, men vil reviderast med jamne mellomrom slik at det kan ta opp endringar i bruken av friluftsområda. Temakartet vil setja kommunen i stand til å forvalta friluftslivet til kommunen på ein meir kunnskapsbasert og systematisk måte.

Arbeidde så langt

Kulturkontoret, med god hjelp frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd og lokale informantar, har utarbeidd eit førebels temakart over friluftsområde i Gjemnes kommune. Veiledaren "Kartlegging og verdsetting av friluftsområde" frå Miljødirektoratet har vore utgangspunktet for arbeidet.

For at kartlegginga skal bli best mogleg treng vi hjelp frå brukarar av områda. Vi treng lokalkunnskap om viktige snarvegar, turstiar, område for vinteraktivitetar, sommaraktivitetar og spontan aktivitet og leik. Det er viktig å få med områda som blir brukte til aktivitet, med særleg vekt på dei minste som kanskje ikkje rører seg så langt. Med friluftsaktivitet meiner vi derfor all aktivitet utandørs, frå det nære friluftslivet til dei lengste turløypene og fjellturane.

Kom med innspel

Dette er eit første grovutkast og alle som har innspel og betringsforslag er velkommen til å ta kontakt.

Om du har kommentarar til eit spesifikt areal, eller du vil foreslå nye område, vil vi at du merker av dette i kartet og gir oss tilbakemelding.

Følg oppskrifta som ligg til høgre for kartet, og send inn kommentarane og forslaget dine til endringar til:

post@gjemnes.kommune.no  innan 20. februar 2020

Du kan sjølvsagt òg senda inn kommentarar på e-post utan bruk av kartet, eller du kan ringa oss på telefon.

  

Stortussen