Gjennom årets TV-aksjon den 19. oktober skal Atlas-alliansen gi hjelp til menneske med
funksjonsnedsettingar i land som er råka av krig, kriser og fattigdom. Omlag 1,3 milliarder menneske i
verda har ei funksjonsnedsetting, og dette gjer dei til verdas største minoritet.
Pengane skal gå til skulegang, helsetenester, naudhjelp, og hjelpemiddel som rullestolar, krykker,
briller og proteser. I krig og konflikt er menneske med funksjonsnedsettingar ekstra sårbare, og årets
TV-aksjon skal sørge for at 200 000 menneske med funksjonsnedsettingar og familiane deira i
Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia får eit betre liv.
Atlas-alliansen er ein paraplyorganisasjon for åtte organisasjonar av og for menneske med
funksjonsnedsettingar.
Vil du melde deg som bøsseberar? send en mail til: anette.hatleli.endresen@gjemnes.kommune.no