Informasjon til skulestartarane hausten 2021

Til alle foresatte med barn fødd i 2015

Gratulerer med 6-åringen som snart blir skuleelev! Vi ser fram til å ta imot førsteklassingen din som elev på Angvik skule hausten 2021.

Angvik skule er ein fådelt barneskule som dette skuleåret har 42 elevar og 11 tilsette. Skulen er tredelt, noko som betyr at to eller tre klassetrinn går i same gruppe. Vi har eit trygt og godt læringsmiljø, noko gode resultat på både elevundersøkinga og nasjonale prøver også stadfestar.

Våre satsingsområde er læringsmiljø, der samarbeid om overgang mellom barnehage og skule har stått sentralt dei siste åra. Det skal kjennest trygt og godt for både elevar og foreldre å sende barnet til Angvik skule første skuledag.

Vårhalvåret før elevane startar på skulen har vi difor fleire overgangsaktivitetar i samarbeid med Angvik barnehage. Førskulegruppa har allereie vore med på uteskule saman med 1. og 2. trinn nokre gonger i haust og i vinter. Dei vil også få bli med på nokre kunst- og handverkstimar i løpet av vinteren/våren om smittereglane tillet dette.

Førskuleveka vil i år bli frå 10.-12. mai. Då vil lærarane Hilde Folden Istad og Jannicke Fostervoll ha førskule med 1. klasse tysdag og onsdag. Førskulegruppa får også tilbod om å vere med på SFO på onsdag saman med SFO-gruppa. 

Skulen nyttar Visma Flyt Skole som plattform for kommunikasjon mellom heim og skule. De kan allereie no laste ned foresatt-appen Min Skole eller logge inn på nettsida www.skole.visma.com/gjemnes . På nettversjonen kan de legge inn kontaktinformasjon (e-post og telefonnummer).