Angvik skule

Angvik skule er ein fådelt barneskule for elevar busett i indre Gjemnes.  Skulebygget ligg sentralt til i Angvik, med eit utemiljø som innbyr til aktiv Ieik og friluftsliv. 

Elevane ved Angvik skule kjem frå alle bygdene i indre Gjemnes; Flemma, Fagerlia, Osmarka og Angvik. Skulen er fådelt, og inneverande skuleår er elevane delt inn i tre klassegrupper. Opplæringsmålet er nynorsk.

Skuledagen startar kl 09.00 og sluttar kl 14.40. Onsdagar har 1.-2. klasse fridag, og elevar på 3.-7. trinn avsluttar skuledagen kl. 12.40. Vi deler dagen inn i læringsøkter på 45-90 minutt.

Skulen har totalt 11 tilsette i heil- eller deltidsstilling. I personalet er det leiarar, lærarar, fagarbeidarar, assistentar og reinhaldar som saman arbeider for at vi skal ha eit trygt og godt læringsmiljø ved skulen.

Angvik skule har skulefritidsordning med opningstider frå kl 07.00-16.30. Meir informasjon om SFO finn du på sida til Angvik SFO.

Artikkelliste