Kulturkveld og forfattarbesøk i Flemma 28.11

Vel møtt til ein skikkeleg kulturkveld i Flemma Grendahus torsdag 28.november kl 19.00!

Gjemnes mållag og kulturavdelinga i kommunen inviterer til ein skikkeleg kulturkveld med besøk av den lokale lyrikaren Endre Ruset (sjå meir info under), bokslepp av Du mitt Nordmøre og Gjemnesminne, loddtrekning med fin-fine gevinstar, kaffeslabberas og matsal, songar av Flemma Songlag og debut av folkevise- og formidlingsprosjektet til Sigrid Skjølsvik, "Mål med Meining"!

Ja, kva er vel betre på ein mørk novemberkveld enn å bli servert lokale kreftar av poesi og musikk, "graut og bakels" og bokkjøp til julegåver og loddtrekning?

Og alt dette med gratis inngang på Flemma Grendahus!

 

FORFATTARBESØK AV ENDRE RUSET

Endre Ruset (f. 1981) er poet og tidlegare kunstnerisk leiar ved Norsk litteraturfestival. Ruset debuterte med diktsamlinga Ribbeinas vingespenn i 2001, og mottok Bjørnsonstipendet i 2005 for boka Kims lek. I 2021 kom Deretter, ei diktsamling om 22. juli-terroren skreve i samarbeid med den engelske poeten Harry Man. I haust kom den kritikarroste Stjålet venn, ei sorgmodnet diktsamling om å miste nokon ein har nær.

På Kulturkvelden skal Endre Ruset formidle dikt fra fjern og nær litteraturhistorie, nyskrevne dikt og klassiske dikt, fra kjente og mindre kjente poetar. Fra Sapfos lyriske hjartestrenger 600 år før vår tid, via romerske Catullus ømme kjærleikssorgdikt like før Kristus, til persiske Rumis djerve diktperler fra 1200-tallet og heilt frem til dikt skreve her og no i dag. Bli med på ei reise gjennom kjærleikens og sorgens poetiske landskap!