Angvik skule er ein fådelt barneskule for elevar busett i indre Gjemnes. Skulebygget ligg sentralt til i Angvik, med eit utemiljø som innbyr til aktiv Ieik og friluftsliv.
- Elevane ved Angvik skule kjem frå alle bygdene i indre Gjemnes; Flemma, Fagerlia, Osmarka og Angvik. Skulen er fådelt, og elevane er delt inn i tre klassegrupper. Opplæringsmålet er nynorsk.
- Skuledagen startar kl 09.00 og sluttar kl 14.40. Onsdagar har 1.-2. klasse fridag, og elevar på 3.-7. trinn avsluttar skuledagen kl. 12.40. Vi deler dagen inn i læringsøkter på 45-90 minutt.
- Skulen har totalt 11 tilsette i heil- eller deltidsstilling. I personalet er det leiarar, lærarar, fagarbeidarar, assistentar og reinhaldar som saman arbeider for at vi skal ha eit trygt og godt læringsmiljø ved skulen.
- Angvik skule har skulefritidsordning med opningstider frå kl 07.00-16.30. Meir informasjon om SFO finn du på sida til Angvik SFO.
Søknad om skoleskyss
Du har rett på fri skoleskyss dersom
- du har meir enn 4 km avstand mellom heim og skole. For førsteklassingar er avstanden 2 km. *
- du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom bustad og skole.
- du har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, uavhengig av veglengde mellom bustad og skole. Kommunen gjr vurdering dersom avstanden er under skyssgrensa
- det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og skole
- eleven har ikkje rett til fri skoleskyss i samband med SFO og leksehjelp
Fyll ut søknaddskjema og lever på skulen (dei som har søkt tidlegare, treng ikkje fylle ut skjema på nytt).
Søknadskjema for skoleskyss (mrfylke.no)
Sist endret 26.03.2026 12:52