Kvardagsrehabilitering er for deg som ikkje lenger meistrar kvardagen slik som før. Det kan gjelde personleg stell, matlaging, reingjering, deltaking i sosiale samanhangar eller andre aktivitetar i kvardagen
- Kvardagsrehabilitering startar alltid med spørsmålet «Kva er viktig for deg?»
- Det er ei tidsavgrensa og intensiv rehabilitering, der du trenar på det som trengst for å nå dine mål.
- Fysioterapeut og heimeteneste gjer ei systematisk kartlegging og hjelper deg å utarbeide mål og tiltak.
- Treninga vi gå føre seg heime eller i nærmiljøet.
- Fysioterapeut og heimeteneste arbeider saman med deg for at du skal nå måla dine.
KVEN ER KVARDAGSREHABILITERING FOR?
Deg som er vaksen/eldre og som
- Bur heime
- Opplever funksjonstap etter t.d. sjukdom, skade, liten aktivitet over lengre tid
- Vil vere aktiv og framleis bu heime
- Er motivert til å greie deg sjølv i størst muleg grad
- Har noko hjelp i kvardagen din, men står i fare for å trenge meir hjelp
- Kan ta imot informasjon og nyttiggjere deg tilbodet
KORLEIS KAN DU FÅ KVARDAGSREHABILITERING?
- Ta kontakt med fysioterapi- eller heimetenesta
- Be om vidare informasjon om ordninga og om søknadsskjema om helse- og omsorgstenester
- Be eventuelt pårørande eller tenesteytar om hjelp til utfylling
- Vedtaksteamet gjer vedtak
Kvardagsrehabilitering er gratis