I samband med stiftinga av Nordmørsmusea AS 21. oktober 2022 vedtok Gjemnes kommune å utsette sak om kjøp av aksjer og konsolidering i det nye museumsselskapet. Gjemnes kommune og Gjemnes historie- og museumslag har no ferdighandsama saka, og gjort vedtak om å kjøpe sine aksjer og å inngå konsolideringsavtale med Nordmørsmusea AS.
Signering av denne avtalen markerer ei ferdigstilling av samlinga av Nordmørsmusea. Dei aktuelle kommunane, museumslaga og fylkeskommunen er medeigarar, og dei lokale eigarane av samling øverfører ansvar for forvaltning og utvikling og nordmørsk kulturarv til de regionale museumsselskapet.
- Dette er ein stor dag for Nordmørsmusea, sier direktør Eigunn Stav Sætre. - Når Gjemnes no kjem med i regionsmuseet kan vi jobbe samla med nordmørsk kulturarv i heile det kulturhistoriske området, og det gler vi oss til å ta fatt på.
Også Gjemnes kommune og Gjemnes historie- og museumslag er nøgd med å gå inn i museumsarbeidet.
Ordførar Knut Sjømæling og leiar i historie- og museumlaget Nils Martin Sæther er einige om at dette er eit viktig vedtak både for kommunen og for dei frivillige. - Vi vil no få betre moglegheit til å ivartea kulturarven i Gjemnes, til å vise han fram og til å formidle han, seier Sjømæling.
Signering av konsolideringsavtalen mellom Nordmørsmusea, Gjemnes kommune og Gjemnes historie- og museumslag. Frå venstre direktør Eigunn Stav Sætre, ordførar Knut Sjømæling og styreleiar Nils Martin Sæther.
Siri Ask Fredriksen