Angvik skule til finalen i Skoglekene på Elverum!

Elevar på mellomtrinnet ved Angvik skule har denne våren delteke i Skoglekene gjennom arbeidet med uteskule. Som ein del av oppgåva har elevane mellom anna utvikla og gjennomført ei aktivitetsløype som elevar på småtrinnet har testa ut.

Arbeidet har gitt resultat: Aktivitetsløypa frå Angvik skule er trekt ut som ein av 12 finalistar i den nasjonale konkurransen. Totalt deltok heile 156 skular frå ulike delar av landet.

Finalen går av stabelen ved Norsk Skogmuseum på Elverum 10. juni. Angvik skule er den einaste skulen frå Møre og Romsdal som er kvalifisert til finalen.

Fire elevar frå skulen reiser saman med lærar for å representere Angvik i finalen.

Vi ønskjer dei masse lykke til – og heiar på dykk!

Aktivitetsløype ved Angvik skule.pdf (PDF, 207 kB)