Konsert med Kvernberg og Bjørdal

Velkommen til ein fin kveld på Kulturstuå i Gjemnes! 

I samarbeid med Gjemnes historie- og museumslag og Gjemnes kommune inviterer Nordmørsmusea til konsert med Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal. 

Jorun Marie Kvernberg (fele/hardingfele, folkesong) og Kristina Farstad Bjørdal (akkordeon) har det siste året samarbeid tett som duo. Dei har utvikla eit særeige konsept der kunstmusikken og gamaldansen går hand i hand. Signaturen deira er eit energisk musikkuttrykk kor folkemusikkens groove og detaljrikdom kombinerast med kunstmusikkens virtuositet og dynamikk. På repertoaret har dei alt frå tradslåttar frå Møre og Romsdal til komposisjonar av Per Bolstad, Eric Öst, Piazzolla – og musikk signert Kvernberg sjølv.

Fredag 9.mai kl. 19.00, Kulturstuå

Billettar selgas i døra
Ordinær pris kr. 250,-.
Medlemmar av Gjemnes historie- og museumslag kr. 175,-.
Det er mogleg å melde seg inn når du kjem. 

 

Om Jorun Marie:

Jorun Marie Kvernberg har arbeidd som frilans folkemusikar og komponist på heiltid sidan fullførte folkemusikkstudium ved Norges Musikkhøgskole i 2004. Den sterke formidlingsevna hennar blir ofte trekt fram hjå publikum, og ho har vunne mange nye hjarte til folkemusikksjangeren, mellom anna gjennom sitt arbeid med det prisløna ensemblet Majorstuen. Kvernberg har fått Edvardprisen for sitt arbeid som komponist, og to Spellemannprisar.

Om Kristina: 

Kristina Farstad Bjørdal (1990) har ein mastergard i trekkspel frå Det Kongelige Danske Musikkonservatorum kor ho fekk utdanning innan klassisk og samtidsmusikk. Hennar sterke tilknyting til gamaldans og folkemusikk har også gitt ho fleire gullmedaljar i NM i trekkspel, i ulike kategoriar, og ho er med i mange ulike gamaldansgrupper og folkemusikk-konstellasjonar.  I 2021 vart ho tildelt «Bolstadprisen».