Informasjon om SFO

Det er skulefritidsordning (SFO) ved Angvik og Batnfjord skular i kommunen. Dette er eit tilbod til elevar i 1. - 4. klasse som treng tilsyn utanom skuletid.

Drift av kommunale skulefritidsordningar er regulert av vedtekter som blir fastsette av kommunestyret. Ut over kommunens vedtekter gjeld opplæringslova og forskrift om skulefritidsordning.

Foresatte som søkjer barn inn i SFO pliktar å gjere seg kjent med Vedtekter for den kommunale skolefritidsordninga (PDF, 99 kB).

Det er særleg viktig å merke seg høve som gjeld oppseiing og opphaldstid. Batnfjord SFO har heilårsopen SFO, med unntak av feriestenging i juli månad. Angvik SFO følgjer skuleruta. Ein held likevel ope etter behov i haust- og vinterferie, samt delar av sommarferien (stengt i juli). Om ein ønskar plass i skuleferien, må ein betale eit tillegg, då satsen for Angvik SFO er regulert i henhold til skuleruta.

Har du spørsmål om SFO ved din skule må du ta kontakt med rektor.

Kontaktinformasjon

Jannicke Fostervoll
Rektor Angvik skule
Telefon 95 49 82 55
Kjerstin Alvheim Bjerkås
Rektor Batnfjord skule
E-post
Telefon 40 07 50 67