Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er for deg som ikkje lenger meistrar kvardagen slik som før. Det kan gjelde personleg stell, matlaging, reingjering, deltaking i sosiale samanhangar eller andre aktivitetar i kvardagen

  • Kvardagsrehabilitering startar alltid med spørsmålet «Kva er viktig for deg?»
  • Det er ei tidsavgrensa og intensiv rehabilitering, der du trenar på det som trengst for å nå dine mål.
  • Fysioterapeut og heimeteneste gjer ei systematisk kartlegging og hjelper deg å utarbeide mål og tiltak.
  • Treninga vi gå føre seg heime eller i nærmiljøet.
  • Fysioterapeut og heimeteneste arbeider saman med deg for at du skal nå måla dine.

 

KVEN ER KVARDAGSREHABILITERING FOR?

 

Deg som er vaksen/eldre og som

  • Bur heime
  • Opplever funksjonstap etter t.d. sjukdom, skade, liten aktivitet over lengre tid
  • Vil vere aktiv og framleis bu heime
  • Er motivert til å greie deg sjølv i størst muleg grad
  • Har noko hjelp i kvardagen din, men står i fare for å trenge meir hjelp
  • Kan ta imot informasjon og nyttiggjere deg tilbodet

KORLEIS KAN DU FÅ KVARDAGSREHABILITERING?

  • Ta kontakt med fysioterapi- eller heimetenesta
  • Be om vidare informasjon om ordninga og om søknadsskjema om helse- og omsorgstenester
  • Be eventuelt pårørande eller tenesteytar om hjelp til utfylling
  • Vedtaksteamet gjer vedtak

Kvardagsrehabilitering er gratis

  • Telefon heimetenesta: 977 35 063 (vaktmobil)  911 26 983 (vaktrom dagtid)

  • Telefon fysioterapitenesta: 947 95 971