Forslag til kandidatar på Gjemnes kommune sin kultur- og frivilligpris 2019

 

Forslag til kandidat skal leverast skriftleg til Gjemnes kommune, Nordmørsvegen 24, 6631 Batnfjordsøra, eller som epost til  post@gjemnes.kommune.no

Frist for å koma med forslag er 1. oktober.

Klikk for stort bilde

Nils Tore Leivdal fikk prisen i 2017

Kommunestyret har vedteke retningsliner for kultur og frivilligpris i Gjemnes  som ser slik ut:

 

  1. Kultur- og frivilligprisen sitt formål er å heidre ein person eller organisasjon/grupper i kommune som har betydd mykje og gjort ein særleg innsats  innan det utvida kulturområdet (ålmenn kultur, idrett og friluftsliv)  og anna frivillig arbeid til gled og nytte for kommunen sine innbyggarar.  Prisen skal også tene til inspirasjon for slikt arbeid.

     

  2. Prisen kan utdelast til enkeltpersonar, organisasjonar eller grupper som har gjort ei særleg stor innsats i samsvar med formålet i punkt 1.

     

  3.  Prisen består av ei gåve med ein  verdi på inntil  kr 3.000,-.

     

  4. Kultur- og frivilligprisen skal annonserast i lokalpressa og på kommunen sine heimesider med frist for innlevering av forslag.

     

  5. Forslag med grunngjeving på kandidatar til prisen skal sendast Gjemnes kommune innan 1. oktober kvart år. Alle, både enkeltpersonar, organisasjonar, institusjonar, lag og andre grupper har forslagsrett.

     

  6. Formannskapet oppnemner ein jury på 3 personar, vald for valperioden, som skal gå gjennom innkomne forslag og innstille på kandidat til formannskapet som gjer endeleg avgjer på kven som skal ha prisen.